Daco Mekaniske AS
er ei allsidig mekanisk verksemd med ein god stabil stab av medarbeidarar med god erfaring. Me arbeidar med ulike typar oppdrag etter kundens spesifikasjonar innan sveising, platebearbeiding, industrirøyrlegging og stålkonstruksjonar for bygg og anlegg.
Daco Mekaniske har i dag leveransar til oljebransjen, smelteverksindustrien, næringsmiddelindustrien og ei rekkje små og store kundar innan bygg og anlegg.
I dag er me 13 tilsette i Daco Mekaniske, og me har sett strenge krav til service og kvalitet i vårt arbeid. Vår målsetting er at me skal levere produkt og tenester som oppfyller dei krav og forventingar kundar og myndigheiter skal ha til våre produkt.
Daco Mekaniske har etablert godt samarbeid med partnerar som gjer at me kan levere gode og komplette løysingar til våre kundar.
Dersom du ønsker hjelp til design og utprøving av dine produkter kan me hjelpe dykk med det i 3D
Våre verkstadslokaler på 400 og 700m2 med kran kapasitet på 5 og 10 tonn er komplett utstyrt med utstyr for rasjonell produksjon.